Nordfjord Nærradio

Fredagskveld

Kvar fredag har vi direktesending frå Trivselhjørnet på Eid mellom kl. 21:00 og kl 23.00 Der sender vi musikk av forskjellig årgang og vi har innringing der ein svarar på spørsmål frå programleiarane.

På innringingsdelen, får ein eit inngangsspørsmål som kan vere kva som helst. Rebus, musikk, aktualitets spørsmål eller det som programleiarane måtte føle på denne kvelden. Dei som deltek på innringing vert oppmoda til hyggelig prat og artig spas. Det er til slutt ei trekning av dagens premie, som kan vere bingoblokker, bringebær  og jordbær frå Vereide, sponsa gevinstar frå butikkar i området eller andre premiar som vi har fått tak i.

Fredagskveldane er delt opp slik at 1 veke er det programleiarar frå Gloppen og veka etter frå Stad. Slik rullerer vi stort sett heile året.

Dei som er med fredagskveldane er:

Jon Roar Øien, Odd Frislid, Inge Haugen, Ruben Pettersen Heggen, Rønnaug Torheim og Hans Inge Lien Vereide som har Eida-delen. Svein Nes har teknikken dei fleste dagane, men redaktøren stepper og inn ved behov

Jon Elling Vereide har Gloppe-delen av fredagskveldane, mens Kristoffer August Vereide køyrer teknikken i lag med han.

Ring inn og delta på 57860660

Kven som har sendinga, finn du under fanen Siste frå Facebook  der redaktøren oppdaterer detaljane eller oppe til høgre her på Fredagskveldsida

Fredagskveld

Neste sending: fredag 29. mars

Programleiar: Jon Elling

Teknikar: Kristoffer August

Nettradio