Nordfjord Nærradio

Dette er Nordfjordeid Nærradio

Nordfjord Nærradio var stifta i 1987 og var lokaliset på Fjordane Folkehøgskule på Eid. Det var i starten elevar og lærarar på skulen som var drivkrafta bak radioen. Vi hadde fleire studio på skulen før vi flytta ut derifrå. Totalt har vi hatt 6 studio kringom på Eid. Hestnesbygget, Øyane der låsbutikken ligg i dag, og dagens studio Trivselshjørnet i det gamle vegvesen bygget.

Opp igjennom tida sidan 1987, har det vore mange innom NNR. Vi har hatt fast ansatt redaktør i full stilling på 90 talet, men det synte seg vanskelig å få god økonomi i dette. Så på slutten av 90 talet kom Jon Roar inn som redaktør, noko han er den dag i dag. Rasmus Torvik var og ein av mange primus motorar hos oss. Han har digitalisert det aller meste av våre gamle program før han gjekk bort, og har difor hovedæra for at vi har eit rikhaldig arkiv med program omtrent heilt frå starten av.

Vi har medarbeidarar frå både Gloppen og Stad kommune, og det var ein lang periode 2 hovudstudio. Eit på Sandane og det andre på Eid. Etter at studioet på Sandane måtte flytte ut frå lokalet vi hadde der, vart det dessverre ikkje funne nokon ny god plass der. Sidan har vi fokusert på å utvikle dagens studio på Eid.

Radioen gjekk gjennom nokre veldig tunge år etter tusenårsskiftet, og vi var nær med å legge inn årane . Dette klarte vi heldigvis å snu med god innsats og løysingar fra alle involverte i desse tunge åra. I dag kan vi seie at vi driv godt og sunt, takka vere radiobingoen vår

Radiobingoen har vore og er hovudinntektskjelda til radioen. Og den er populær i heile dekningsområdet vårt. Vi slepp difor å selje reklame for å overleve i dagens radiomarknad.

I desse dagar (haust 21 og vår 22) har vi oppgradert radioen til og å sende på nett. Dette gjer at vi kan nå lyttarar over heile verda (om vi vil) som har lyst å høyre kjente stemmer frå heimkommunane sine. Samt at vi når stadar som har dårleg dekning på dagens FM sendarar. Vi sender direkte kvar onsdag med radiobingo og kvar fredag med Fredagskveld frå Trivselshjørnet. I tillegg har vi sendingar torsdagar når det er kommunestyremøte i Stad kommune.

I dag sender vi altså på nett via linken til Radioplayer på framsida vår.

På FM nettet, har vi 1 hovudsendar på studioet på Eid som sender på 107,2 mhz. I tillegg har vi omformarar på Sandane 104,3 mhz, Hunvikfjellet 106,2 mhz og Davikneset 105,8 mhz. Desse har blitt og vil bli oppgraderte utover i 2022.

Nærradioen vert i dag drifta på dugnad av 14 stk.

Programleiarar:

Jon Roar Øien (også redaktør), Britt Myrold, Odd Frislid, Inge Haugen, Rønnaug Torheim, Ruben Pettersen Heggen, Hans Inge Lien Vereide er Eida gjengen, mens Jon Elling Vereide har Gloppedelen i lag med Kristoffer August Vereide

 

I teknikken så har vi:

Svein Nes, Andreas Silden, Ruben Heggen Pettersen og Kristoffer August Vereide

 

Til slutt så har vi styret i radioen som består av

Roar Bakke  (leiar og kasserar) , Odd Frislid, Gerd Sørebø og Anders Vårdal

Radiobingo

Neste bingorunde: onsdag 3. april

Lykketalspott: Kr 15000 kr

Lykketal trekkjes: Gullpott går ut på 62 trekte tal eller før

Bingovert: Britt Myrold og Andreas Silden i teknikken

Nettradio